Jinzhou | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Liaoning |
Geografi | |
Flatevidd | 10 039,99 km² |
Flatevidd - By |
10,111 km² |
Innbyggjarar - By (2004) |
3,070,000 |
Koordinatar | 41°07′N 121°08′E / 41.117°N 121.133°E |
Høgd over havet | 1090 m |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 121000 |
Telefon-retningsnummer | 416 |
Heimeside: http://jz.gov.cn | |
Plassering | |
Jinzhou (kinesisk skrift 錦州, pinyin Jǐnzhōu) er eit kinesisk byprefektur i provinsen Liaoning i Nord-Kina. Byprefekturet har eit areal på 10 111 km² og hadde i kring 3,1 millionar ibuarar i 2010. Jinzhou, som ligg ved Bohaibukta av Gulehavet, er ein viktig hamneby som ligg strategisk til i den vestlege delen av provinsen.
Byprefekturet Jinzhou omfattar tre distrikt (区 qū), to byfylke (市 shì), to fylke (县 xiàn) og ei særleg utviklingssone.
Jinzhou har ein variert industri, som omfattar tradisjonelle industriar som metallurgi, petrokjemi, tekstilproduksjon, farmasi og byggvarer.
Jinzhou er stoppestad på den viktige jarnbanelinja Jinghabana, som strekker seg frå Beijing til Harbin og mellom andre innom Tianjin, Tangshan, Shenyang og Changchun.
Riksveg 102 i Kina passerer gjennom området. Han tek til i Beijing og fører gjennom provinsane Hebei, Liaoning, Jilin og Heilongjiang. På strekninga til Harbin er vegen innom byane Qinhuangdao, Shenyang og Changchun.
Tidlegare var Jinzhou ein strategisk viktig militærby i Liaoxipassasjen. Hausten 1931 innleia Japan eit luftangrep mot byen der det frå fly vart slept bomber, noko som var så å seie nytt i krigshistoria. I januar 1932 erobra den japanske hæren byen, som hadde om lag 100 000 ibuarar, og gjennomførte omfattande herjingar, drap og plyndring.