Eksingedalen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Vaksdal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Eksingedalen | ||
Fellesråd | Vaksdal | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Hartvig Sverdrup Eckhoff[1] | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | 12. juni 1883[2] | ||
- Endringar | 1984, tilbygg i aust | ||
Sitjeplassar | 130[3] | ||
![]() Eksingedalen kyrkje 60°47′06″N 5°57′42″E / 60.785°N 5.9617°E | |||
Wikimedia Commons: Eksingedalen kirke | |||
Eksingedalen kyrkje står på Flatekval i Eksingadalen i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1883.
Kyrkja er bygd i gråstein og har sitjeplassar til 120 personar. Ho er den andre kjende kyrkja på staden, og avløyste eit tømra kapell ein meiner var bygd på 1600-talet. Kapellet heitte Flatekval kapell, og i det var det berre messe ei gong om året. Resten av året søkte folk i Eksingadalen seg til andre kyrkjer, dei øvst i dalen reiste til Evanger kyrkje på Voss, dei frå nedste delen fór over fjellet til Mo kyrkje i Modalen og folk frå Eikemo og sørover sokna til Stamnes kyrkje.
Eksingedalen kyrkje er soknekyrkje i Eksingedalen sokn i Hardanger og Voss prosti.
Eksingedalen vart skild ut som eige sokn i Hosanger prestegjeld i 1881. Frå 1968 til utfasinga av prestegjelda frå 2004 høyrde det til Vaksdal prestegjeld saman med Dale, Vaksdal og Stamnes sokn.
På kyrkjegarden står det ei minnestøtte over Nils A. Lavik, fyrste stortingsrepresentanten frå Kristeleg folkeparti. Det er partiet som har reist støtta.