Utne kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jarle Vines | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Utne | ||
Fellesråd | Ullensvang | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Peter Andreas Blix | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 5. juni 1895 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja, på andre sida av Riksveg 550 | ||
Sitjeplassar | 400 | ||
Diverse | Blasmåleri frå 1952 av Bernhard Greve | ||
Utne kyrkje 60°25′23″N 6°37′21″E / 60.42305556°N 6.6225°E | |||
Wikimedia Commons: Utne kyrkje | |||
Utne kyrkje står på Utne i Ullensvang kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1895. Arkitekt for bygget var Peter Andreas Blix. Kyrkja har eitt skip, utan mellomstolpar, med eit smalare kor med dei vanlege sideromma, sakristi på sørsida og opphaldsrom for dåpsfolk på nordsida. På vestsida av skipet er det tårn med våpenhus i tårnfoten og trapperom på sidene. På sørsida av skipet er det ein inngang med eit lite våpenhus.
På staden der kyrkja ligg var det fram til utskiftinga eit klyngjetun. Før dei fekk kyrkja på Utne sokna folk i området til Kinsarvik kyrkje.
Ved avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg kyrkja i Ullensvang prestegjeld.