Jordalen kapell | |||
Kapell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Voss | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Oppheim | ||
Fellesråd | Voss | ||
Innvigd | 4. juni 1977[1] | ||
Kyrkjegard | Kring 300 m. sørvest for kapellet/skulen | ||
Døypefont | Frå kring 1900 | ||
Altartavle | Alterskåp laga av Sjur Mørkeve og elevar frå Jordalen skule. Frå 2002.[2] | ||
Sitjeplassar | 45[3] | ||
Jordalen kapell 60°53′04″N 6°43′21″E / 60.88444519°N 6.72249985°E |
Jordalen kapell ligg på Øyane i Jordalen nordaust i Voss herad i Vestland, og er eit vigsla rom i sokkeletasjen i Jordalen skule.[1] Kapellet vart vigsla til kyrkjeleg bruk i 1977, og vert drive av bygdefolket i Jordalen. Før den noverande skulen vart bygd i 1977, var gamleskulen kapellvigsla.
Jordalen høyrer til Oppheim sokn i Hardanger og Voss prosti. Før dei fekk eige kapell reiste folk i Jordalen til Oppheim kyrkje.
Altarskåpet er frå 2002 og er laga av elevar ved Jordalen skulen og treskjerar Sjur Mørkeve. Døypefonten er laga i tre og er frå kring 1900.[2]
Gravplassen i Jordalen ligg nokre hundre meter sørvest for skulen, på hi sida av Jordalselvi. På gravplassen er det eit lite bårehus/gravkapell.[4]