Nesheim kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Nesheim | ||
Fellesråd | Vaksdal | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Adolf Schirmer | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 17. september 1908[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja, innvigd 1924 eldre kyrkjegard, truleg frå 1800-talet, aust for kyrkja | ||
Sitjeplassar | 120 | ||
Nesheim kyrkje 60°47′55″N 6°09′19″E / 60.7987°N 6.1554°E |
Nesheim kyrkje står på Nesheim i øvre delen av Eksingadalen i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1908. Ho er reist etter teikningar av arkitekt Adolf Schirmer.[1][2] Kyrkja er bygd i tre og har sitjeplassar til 120 personar. Ho er den fyrste kyrkja på staden og vart bygd i nærleiken av ein eldre hjelpekyrkjegard. Ein veit ikkje sikkert når gamlekyrkjegarden vart oppretta, men det kan ha vore på byrjinga av 1800-talet.[1]
Nesheim kyrkje er soknekyrkje i Nesheim sokn i Hardanger og Voss prosti. Området høyrde til Evanger prestegjeld til 1968, då vart det overført til det nyoppretta Vaksdal prestegjeld. Prestegjelda vart fasa ut frå Den norske kyrkja frå 2004.