Tyssedal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jarle Vines | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Tyssedal | ||
Fellesråd | Odda | ||
Stad | Tyssedal | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Aksel Fronth | ||
Material | Betong | ||
Innvigd | 4. april 1965[1] | ||
Klokker | To stykke, frå Olsen Nauen Klokkestøperi | ||
Kyrkjegard | På Berjaflot i Odda | ||
Døypefont | I granitt | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
![]() Tyssedal kyrkje 60°07′02″N 6°33′43″E / 60.11722222°N 6.56194444°E | |||
Wikimedia Commons: Tyssedal kirke |
Tyssedal kyrkje står i industristaden Tyssedal på austsida av Sørfjorden i Ullensvang kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1965. Kyrkja er ei såkalla naustkyrkje og er teikna av arkitekt Axel Fronth.
Kyrkja har eit høgt og spist saltak. I hovudhøgda er det attåt kyrkjeromet sakristi og møterom I kjellaren er det mellom anna garderobar, kjøken og møterom. Veggene er bygde i armert betong.
Kyrkja er soknekyrkje i Tyssedal sokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja. Før dei fekk kyrkja i Tyssedal, sokna folk i området til Odda kyrkje.
Det er ikkje noko altartavle på altaret, men på veggen bak heng ein biletvevnad laga av Grethe Lein Lange.[1] Altarringen har form av tre sider av eit kvadrat. Altarpodiet har fiolett golvteppe, medan golvet rundet har skiferheller. Døypefonten er laga i granitt. Preikestolen er laga delvis i formpressa limtre. Benkene i kyrkja er lause trebenker utan vangar.[1]
Det er ikkje gravstad ved kyrkja. I staden vert kyrkjegarden på Berjaflot i Odda nytta.