Stamnes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Vaksdal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Stamnes | ||
Fellesråd | Vaksdal | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Peter Høier Holtermann[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 20. oktober 1861[1] | ||
- Endringar | Påbygd sakresti i 1961 | ||
Sitjeplassar | 250[2] | ||
![]() Stamnes kyrkje 60°39′52″N 5°44′59″E / 60.6644°N 5.7496°E | |||
Wikimedia Commons: Stamnes kirke | |||
Stamnes kyrkje står på Stamnes på nordsida ytst i Vikafjorden i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1861.
Kyrkja er teikna av Peter Høier Holtermann og er bygd i tre.
Stamnes har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Stamnes-kyrkja nemnd i kjeldene er frå 1328. Mellomalderkyrkja var mest truleg ei stavkyrkje, og ho vart avløyst av ei tømmerkyrkje tidleg på 1600-talet.[3] Tømmerkyrkja stod til ho vart avløyst av den noverande kyrkja i 1861. Grunnen til at dei bygde ny kyrkje i 1861 var at 1600-talskyrkja var vorte for lita.
Stamnes kyrkje er soknekyrkje i Stamnes sokn i Hardanger og Voss prosti. Stamnes sokn høyrde fram til og med 1868 til Haus prestegjeld i Nordhordland prosti. I 1869 vart Stamnes og Bruvik sokn skilde ut som Bruvik prestegjeld, som òg høyrde til Nordhordland prosti. I 1968 vart Vaksdal prestegjeld, som høyrde til Hardanger og Voss prosti, oppretta med sokna Stamnes, Dale, Eksingedalen og Vaksdal. Prestegjelda vart fasa ut frå Den norske kyrkja frå 2004.