Granvin kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Voss | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Granvin | ||
Fellesråd | Granvin | ||
Type | Langkyrkje | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1726 | ||
- Endringar | 1853, nytt tårn 1911, nytt våpenhus | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 350 | ||
![]() Granvin kyrkje 60°33′19″N 6°43′55″E / 60.55527778°N 6.73194444°E | |||
Wikimedia Commons: Granvin kyrkje | |||
Granvin kyrkje er ei tømra langkyrkje frå 1726, som ligg i Voss herad i Vestland ved austsida av Granvinsvatnet, ved riksveg 13. Kyrkja erstatta Granvin stavkyrkje som måtte rivast grunna råte i 1720-åra. Fyrste gong Granvinskyrkja er nemnd i skriftlege kjelder er i 1306.
Kyrkja blei freda av Riksantikvaren i 2012.[1]
Kyrkja har ein del eldre inventar, døypefonten og eit alterskåp er frå mellomalderen og eit krusefiks og kyrkjeklokker er frå 1500-talet.
Kyrkja var opphavleg dekorert med veggmåleri av figurar og hendingar frå bibelsoga innvendig, men dei vart kalka over på 1800-talet. I 1926 vart kyrkja på nytt dekorert innvendig, no med rosemåling av kunstnaren Lars Osa frå Ulvik. Altertavla er måla av Nils Bergslien, og viser Jesus i tempelet som tolvåring og er frå 1911.