Pipes of Peace Singel av Paul McCartney frå albumet Pipes of Peace | ||
B-side |
«So Bad» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. desember 1983 | |
Innspelt | September/oktober 1982 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:56 | |
Selskap | Parlophone | |
Komponist | Paul McCartney | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
Produsent | George Martin | |
Paul McCartney-kronologi | ||
«Say Say Say» (1983) |
Pipes of Peace | «No More Lonely Nights» (1984)
|
«Pipes of Peace» er ein song skriven av Paul McCartney, som først kom ut på albumet med same namn den 31. oktober 1983. Han vart òg gjeven ut på singel den 5. desember 1983 og låg to veker på toppen av den britiske singellista. Songen gjekk òg til topps på den irske singellista.[1]
Grunnsporet vart spelt inn 10. september 1982 i A.I.R. Studios[2], medan orkesteret vart spelt inn seinare.
I USA vart «Pipes of Peace» gjeven ut som B-side, og den britiske B-sida «So Bad» vart gjeven ut som A-sida.[3] «So Bad» nådde 23. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[4] «So Bad» nådde òg 11. plassen på den kanadiske RPM-lista.
McCartney hadde tidlegare hatt sytten førsteplassar på den britiske singellista som medlem av The Beatles, ein som medlem av Wings («Mull of Kintyre»), og ein med Stevie Wonder («Ebony and Ivory»), men dette var den første og einaste han fekk som soloartist. Han deltok seinare på fem veldedige singlar som nådde toppen av lista: Band Aid (1984), Ferry Aid (1987), Ferry Cross the Mersey (1989), Band Aid 20 (2004) og The Justice Collective (2012).
Det vart filma ein musikkvideo til songen i Chobham Common i Surrey, som synte den kjende julevåpenkvila i 1914 mellom britiske og tyske soldatar.[5] Videoen vart regissert av Hugh Symonds med over 100 statistar.
Paul «Wix» Wickens · Rusty Anderson · Brian Ray · Abe Laboriel Jr.
Linda McCartney · Hamish Stuart · Robbie McIntosh · Chris Whitten · Blair Cunningham | |
Studioalbum | McCartney · Ram (med Linda McCartney) · McCartney II · Tug of War · Pipes of Peace · Give My Regards to Broad Street · Press to Play · Снова в СССР · Flowers in the Dirt · Off the Ground · Flaming Pie · Run Devil Run · Driving Rain · Chaos and Creation in the Backyard · Memory Almost Full · Kisses on the Bottom · New |
Studioalbum med Wings | |
Klassiske album | The Family Way · Thrillington · Paul McCartney's Liverpool Oratorio · Standing Stone · Working Classical · Ecce Cor Meum · Ocean's Kingdom |
Electronica-album | Strawberries Oceans Ships Forest (The Fireman) · Rushes (The Fireman) · Liverpool Sound Collage · Twin Freaks · Electric Arguments (The Fireman) |
Konsertalbum | Wings over America · Tripping the Live Fantastic · Unplugged (The Official Bootleg) · Paul Is Live · Back in the U.S. · Back in the World Live · Amoeba's Secret · Good Evening New York City · Live in Los Angeles · iTunes Live from Capitol Studios |
Samlealbum | Wings Greatest · Cold Cuts (unreleased) · All the Best! · The Paul McCartney Collection · Costello Album (bootleg) · Wingspan: Hits and History · Pure McCartney |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Songar · Paul is dead · «Lisa the Vegetarian» · The Quarrymen · The Beatles · Wings · Heather Mills |