K. 110/75b Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1771 | ||
Typisk lengd | 15:27 | ||
Satsar/akter | 4 | ||
Toneart | G-dur |
Symfoni nr. 12 i G-dur, K. 110/75b, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart komponert i Salzburg sommaren 1771. Symfonien vart visstnok førebudd i vente av den andre reisa til Mozart til Italia, som fann stad mellom august og desember 1771.[1] Symfonien er i fire satsar, og opninga allegro var den lengste satsen Mozart hadde skrive til då. Han er den «første av ei gruppe verk måla på eit større lerret og med større individualitet enn dei tidlegare musikkverka hans.»[2]
Instrumenteringar var: strykarar, 2 oboar, 2 horn, 2 fagottar, 2 fløytear, 2 fagottar, continuo[1]
Menuetten inneheld ein kanon mellom høge og låge strykarar med eit intervall på ein enkelt takt. Mozart lærte truleg denne teknikken frå Joseph Haydn sin 23. symfoni frå 1764 (òg i G-dur).[3]
Ein kjenner ikkje til når verket vart framført første gong. Det er mogeleg at symfonien først vart spelt på ein konsert i Milano den 22. eller 23. november 1771.