K. 318 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1779 | ||
Typisk lengd | 8:20 | ||
Satsar/akter | 3 | ||
Toneart | G-dur |
Symfoni nr. 32 i G-dur, K. 318, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1779, etter at han kom attende frå Paris.[1]
Symfonien har form som ein italiensk overture,[1] og består av tre korte satsar som følgjer kvarandre utan pause:
Verket vart tidlegare rekna som ein overture til ein av operaene til Mozart, Thamos, kongen av Egypt eller Zaide,[1] men dette er lite truleg sidan datoane for dei verka ikkje samsvarar med det signerte manuskripte og fordi overturane ofte vart det siste som vart laga for scenemusikk I 1785 nytta Mozart symfonien som ein overture for Wien-framføringa av Francesco Bianchi-operaen La villanella rapita.[1]
Det signerte manuskriptet ligg i dag i New York Public Library.[1]