K. 112 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1771 | ||
Urframføring | November 1771 | ||
Typisk lengd | 12:59 | ||
Satsar/akter | 4 | ||
Toneart | F-dur |
Symfoni nr. 13 i F-dur, K. 112, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven i Milano hausten 1771. Symfonien er i fire satsar, og den andre er instrumentert berre for strykarar.[1] Verket har originalitet og humor, og nyttar særs få instrument.[2] Den tredje satsen, menuetten, kan ha vorte skriven tidlegare og innlemma i symfonien. Det signerte manuskriptet syner at menuetten vart kopiert av Leopold Mozart.[1] Nicholas Kenyon skildrar Symfoni nr. 13 som den siste i «tradisjonell form»—etter dette «er vi i byrjinga av ei anna verd»[3]
Instrumenteringa var strykarar, 2 oboar, 2 horn, fagott, continuo[1]
Den første framføringa var truleg på ein konsert med Leopold og Wolfgang Mozart i bustaden til Albert Michael von Mayr, den 22. eller 23. november 1771.[1] På denne konserten kan ein òg kanskje for første gong ha høyrt Mozarts 12. symfoni.