K. 297 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1778 | ||
Urframføring | 12. juni 1778 | ||
Typisk lengd | 18:40 | ||
Satsar/akter | 3 | ||
Toneart | D-dur |
Symfoni nr. 31 i D-dur, K. 297, betre kjend som Parissymfonien, er ein av dei meir kjende symfoniane til Wolfgang Amadeus Mozart.
Verket vart komponert i 1778 under den mislukka jobbjakten til Mozart i Paris. Komponisten var då 22 år gammal. Premieren fann stad den 12. juni 1778 under ein privat konsert i heimen til grev Karl Heinrich Joseph von Sickingen, ambassadøren til Pfalz. Den offentlege premieren fann stad seks dagar seinare i ei framføring av Concert Spirituel.[1].
Verket fekk positive meldingar i utgåva av he Courrier de l'Europe, publisert i London:
Concert Spirituel framførte verket igjen den 15. august, denne gongen med ein ny andresats, ein andante som erstatta den originale Andantino i 6/8.[3]
Verket var tydelegvis populært, for det vart framført fleire gonger i både 1779 og 1780.[4] Verket vart publisert i Paris av Sieber og annonsert for sal den 20. februar 1779.
Symfonien vart seinare framført i Burgtheater i Wien den 11. mars 1783 under ein kosnert for svigerinna til Mozart, songaren Aloysia Weber.[5]
Symfonien følgjer mønsteret rask-langsam-rask, og manglar menuetten ein ofte finn i symfoniar i klassisismen.
Symfonien er skriven for eit stort orkester som var tilgjengeleg for Mozart då han var i Paris: 2 fløyter, 2 oboar, 2 klarinettar i A, 2 fagottar, 2 horn, 2 trompetar, pauker, og strykarar.