KV. 73 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Typisk lengd | 11:50 | ||
Satsar/akter | 4 | ||
Toneart | C-dur |
Symfoni nr. 9 i C-dur, K. 73, av Wolfgang Amadeus Mozart, har eit visst ukjend opphav. Truleg vart verket skrive seint i 1769 eller i 1770 under den første reisa hans til Italia, sjølv om enkelte musikkforskarar meiner at han truleg ikkje vart skriven før tidleg på sommaren 1772.[1] Han kan ha vorte påbyrja i Salzburg før den første italienske reisa starta, og så gjort ferdig under reisa. Symfonien er i fire satsar, og er den første til Mozart i C-dur. Ein kjenner ikkje til når Mozart framførte denne symfonien første gongen heller. Det signerte partituret er i dag bevart i Biblioteka Jagiellońska i Kraków.[2]
Symfonien er instrumentert for 2 fløyter, 2 oboar, fagott, 2 horn, 2 trompetar, pauke, cembalo og strykarar.[1] Han er i fire satsar.