KV. 19 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1765 | ||
Typisk lengd | 9:11 | ||
Satsar/akter | 3 | ||
Toneart | D-dur |
Symfoni nr. 4 i D-dur, K. 19, av Wolfgang Amadeus Mozart vart komponert i London under danningsreisa deira i Europa i 1765, då Mozart var ni år gammal.[1]
Sjølv om ein ikkje lenger har det originale manuskriptet til Mozart, er delar av partiturer skriven av faren, Leopold Mozart, bevart i Bayerische Staatsbibliothek i München.[1] Det er kjend i dag at dei tidlege symfoniane til den unge Mozart vart framført i offentlege konsertar i Little Haymarket Theatre i London. Det er derfor mogeleg at desse delane vart skriven for ein av desse framføringane.[1]
Verket er skriven for to oboar, to horn og strykarar. Han består av tre satsar, som var standard tidleg i klassisismen.