Symfoni nr. 34 i C-dur, K. 338, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1780, og gjort ferdig den 29. august.[1][2]
Verket er skriven for 2 oboar, 2 fagottar, 2 horn, 2 trompetar, pauke og strykarar.
Sjølv om dei fleste symfoniane har fire satsar, har denne symfonien berre tre, som framleis var vanleg tidleg i klassisismen.
Symfonien syner trekk av fanfarar og dekorasjonar som minnar om ein «fest-symfoni» eller «trompet-symfoni», som er karakteristisk for austerrikske symfoniar skrivne i C-dur. Dette er den først av Mozart sine C-dur-symfoniar som syner slike trekk, men han nytta den stilen i seinare verk i same toneart 36. og 41. symfoniar).[1]