K. 543 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 26. juni 1788 | ||
Typisk lengd | 28:25 | ||
Satsar/akter | 4 | ||
Toneart | Ess-dur |
Symfoni nr. 39 i Ess-dur av Wolfgang Amadeus Mozart, K. 543, vart skriven ferdig den 26. juni 1788.[1]
Den 39. symfonien er den første av dei tre siste symfoniane som Mozart komponerte i rask rekkefølgje sommaren 1788. Nr. 40 vart ferdig den 25. juli og nr. 41 den 10. august.[1] På same tid skreiv Mozart pianotrioane sine i E- og C-dur, hans sonate facile, og ein fiolin-sonatina. Mozart-biografen Alfred Einstein har indikert at Mozart tok Michael Haydn sin Symfoni nr. 26, i same toneart, og nytta som utgangspunkt.[2]
Ein er ikkje sikker på når verket hadde premiere, eller om det vart framført i det heile medan Mozart levde.
Symfonien er skriven for fløyte, to klarinettar, fagottar, horn og trompetar, pauke og strykarar, og består av fire satsar: