BWV 114 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 1. oktober 1724 | ||
Publiseringsdato | 1876 | ||
Typisk lengd | 24:33 | ||
Satsar/akter | 7 |
Ach, lieben Christen, seid getrost, BWV 114, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den 17. sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt i perioden 1740-1747 i Leipzig.
Teksten er henta frå Johannes Gigas (sats 1, 4, 7) og ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaet er basert på salmen «Wo Gott der Herr nicht bei uns hält». Ein kan spore denne melodien attende til samlinga Geistliche Lieder (redigert av Joseph Klug) i Wittenberg i 1529.
Stykket er instrumentert for to oboar, fløyte, to fiolinar, bratsj og basso continuo (valthorn lagt til for sats 1 og 7), samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av 7 satsar: