BWV 79 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 31. oktober 1725 | ||
Publiseringsdato | 1870 | ||
Typisk lengd | 15:40 | ||
Satsar/akter | 6 | ||
Toneart | G-dur |
Gott der Herr ist Sonn und Schild, BWV 79, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for reformasjondagen den 31. oktober. Verket vart òg framført i Leipzig i 1730.
Teksten er henta frå Salme 84: 11 (første sats), Martin Rinckart (tredje sats), Ludwig Helmbold (sjette sats), medan resten er av ukjend opphavsmann.
Koraltemaet er basert på salmane «Nun danket alle Gott» og «Nun laßt uns Gott dem Herren».
Stykket er instrumentert for valthorn, pauke, to tverrfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, alt, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar: