BWV 96 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 8. oktober 1724 | ||
Publiseringsdato | 1875 | ||
Typisk lengd | 17:25 | ||
Satsar/akter | seks | ||
Toneart | F-dur |
Herr Christ, der einge Gottessohn, BWV 96, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den attande sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 8. oktober. Stykket vart truleg framført på ny 24. oktober 1734 og 1. oktober 1740, begge gongane i Leipzig.
Teksten er henta frå Elisabeth Kreuziger (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend person.
Koraltemaet er basert på salmen «Herr Christ, der einge Gottessohn» av Elisabeth Kreuziger (1524), Norsk salmebok 2013 nr. 088. Melodien har opphav frå den verdslege songen «Mein Freud möcht sich wohl mehren» frå samlinga til Wolflin Lochamer av verdslege songar tryk i Nürnberg rundt 1455. Han vart endra av Elisabeth Kreuziger og dukka først opp som ein kyrkjesong i Geystlich Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter), som vart trykt i Wittenberg i 1524.
Stykket er instrumentert for tverrfløyte, piccolofløyte, piccolofiolin, to oboar, to fiolinar, valthorn og trombone i basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar: