BWV 147 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1723 | ||
Urframføring | 2. juli 1723 | ||
Publiseringsdato | 1884 | ||
Typisk lengd | 31:09 | ||
Satsar/akter | 10 |
Herz und Mund und Tat und Leben, BWV 147, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Kantaten er basert på kantaten 147a frå 1716. Den tiande satsen i kantaten er ein av dei mest kjende satsane til Bach, «Jesus bleibet meine Freude».
Han vart komponert i Leipzig i 1723 for Maria besøksdag, den 2. juli.
Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1, 3, 5, 7, 9) og Martin Jahn (sats 6, 10), og ein ukjend tekstforfattar (sats 2, 4, 6, 8).
Den sjette og tiande satsen er basert på ein melodi av Johann Schop, «Werde munter, mein Gemüthe». Denne melodien er best kjend frå pianotranskripsjonen til dame Myra Hess frå Hugh P. Allen sin koralversjon av Bach sitt arrangement, og er kjend med tittelen «Jesu, Joy of Man's Desiring» eller «Jesus bleibet meine Freude».
Stykket er instrumentert for trompet, to oboar, fagott, to fiolinar, bratsj og basso continuo eller trompet, to oboar, obo d'amore, to oboar da caccia, to fiolinar, bratsj og basso continuo (inkludert fiolonsell og violone i 7. sats), og fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av ti satsar: