BWV 3 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 14. januar 1725 | ||
Publiseringsdato | 1851 | ||
Typisk lengd | 21:25 | ||
Tekst av | Martin Moller (delvis) (1587), ukjend |
Ach Gott, wie manches Herzeleid, BWV 3, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig mot slutten av 1724 for den andre sundagen etter trettande dag jul i 1725, som dette året var 14. januar, datoen då verket først vart framført.
Teksten for denne dagen var Romarane 12: 6-16 og Johnnes 2: 1-11. Teksten til kantaten består av tekst frå ei salme av Martin Moller frå 1587[1], i satsane 1, 2 og 6. Kven som har skrive vers 3-5 er ukjend.
Koraltemaet er melodilinja i Herr Jesu Christ, meins Lebens Licht II, som først vart publisert i Wolflin Lochamer sin Liederbuch frå 1455, trykt i Nürnberg.
Stykket er instrumentert for valthorn, trombone, obo d'amore I/II, fiolinar I/II , bratsj og basso continuo, fire songsolistar (sopran, alt, tenor og bass) og firedelt kor. Han består av seks satsar:
1. (Coro) |
2. Recitativo (solistar) |
|
3. Aria (bass)
|
4. Recitativo (tenor) |
5. Aria (Duetto) (sopranus, altus)
|
6. Chorale |