BWV Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 3. september 1724 | ||
Publiseringsdato | 1857 | ||
Typisk lengd | 20:32 | ||
Satsar/akter | 6 |
Allein zu dir, Herr Jesu Christ, BWV 33, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den trettande sundagen etter treeiningssundag, som fall på 3. september dette året. Dette var første gong verket vart framført.
Det meste av teksten er av ukjende opphavsmenn[1], bortsett frå opnings- og avsluttingssatsen, der Bach nytta første og fjerde vers frå den originale salmen til Konrad Hubert[2].
Koraltemaet Allein zu dir, Herr Jesu Christ (Zahn 7292b) er av ukjend opphav og vart først nedskriven i 1541 i ein publikasjon frå Wittenberg, men hadde vore mykje brukt før Bach si tid.[3], til dømes av Sethus Calvisius og Michael Praetorius[4]
Stykket er instrumentert for oboar I/II, fiolinar I/II, bratsj og basso continuo, i lag med tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor. Det består av seks satsar:
1. (Koral) |
2. Resitativ (bass) |
3. Arie (alt)
|
4. Resitativ (tenor) |
5. Duett (tenor & bass)
|
6. Koral |