BWV 25 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1723 | ||
Urframføring | 29. august 1723 | ||
Publiseringsdato | 1855 | ||
Typisk lengd | 15:34 | ||
Tekst av | Ukjend, basert på bibelsk tekst |
Es ist nichts Gesundes an meinem Leibe, BWV 25, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Han vart først framført den 29. august 1723 for den fjortande sundagen etter treeiningssundag. Teksten er laust basert på evangeliet etter Lukas, der Jesus lækjer ti spedalske (Lukas 17:11-19) og frå Paulus’ brev til galatarane 5: 16-24. Kven som har skrive teksten er ukjend.
Kantaten er skriven for sopran, alt, tenor, bass, zinke, tre tromboner, tre blokkfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo.