BWV 125 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 2. februar 1725 | ||
Publiseringsdato | 1878 | ||
Typisk lengd | 21:02 | ||
Satsar/akter | 6 |
Mit Fried und Freud ich fahr dahin, BWV 125, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for kyndelsmesse. Stykket vart framført på nytt 1735-1740 i Leipzig.
Teksten er henta frå Martin Luther (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaet er basert på salmen «Mit Fried und Freud ich fahr dahin». Den opphavlege melodien av Martin Luther vart publisert i lag med teksten hans i Geystliche Gesangk Buchleyn (publisert av Johann Walter) i Wittenberg i 1524.
Stykket er instrumentert for tverrfløyte, obo d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, valthorn (i continuo i opningskoralen), samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar: