BWV 121 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 26. desember 1724 | ||
Publiseringsdato | 1878 | ||
Typisk lengd | 19:05 | ||
Satsar/akter | 6 |
Christum wir sollen loben schon, BWV 121, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for andre juledag. Stykket vart framført på nytt i perioden 1725-1730 i Leipzig.
Teksten er henta frå Martin Luther (sats 1, 6) og ein ukjend tekstforfatar. Koraltemaet er basert på salmen «Christum wir sollen loben schon». Martin Luther nytta melodien sin frå ein eller fleire latinske salmemelodiar knytte til «A solis ortus cardine» av Caelius Sedulius. Koralteksten og melodien vart først trykt i Enchiridion i Erfurt i 1524.
Stykket er instrumentert for valthorn, oboar d’amore, tre trombonar, to fiolinar, bratsj og basso continuo (med orgel), samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar: