BWV Anh 5 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1718 | ||
Urframføring | 10. desember 1718 |
Lobet den Herrn, alle seine Heerscharen, BWV Anh 5,[a] er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Teksten er skriven av Christian Friedrich Hunold (Menantes) (1718-1721) etter introduksjonen til Salme 119: 175. Musikken til stykket er gått tapt.
Stykket vart komponert i Köthen i 1718 for bursdagen til prins Leopold av Anhalt-Köthen. Stykket skil seg frå mykje av det Bach skreiv i Köthen. Det er ein sekulær kantate skrive for ei feiring, men er samstundes omtalt som tenkt for framføring i samband med ei gudsteneste (bey gehaltenem Gottes-Dienste), og teksten er henta frå Bibelen.[1] Bach skreiv vanlegvis ikkje musikk til gudstenester i Köthen på grunn av den kalvinistiske motviljen mot overdådig musikk.[2]