BWV 166 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 7. mai 1724 | ||
Publiseringsdato | 1887 | ||
Typisk lengd | 17:01 | ||
Satsar/akter | 6 |
Wo gehest du hin?, BWV 166, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for fjerde sundag etter påske.
Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes 16: 5 (første sats), Bartholomäus Ringwaldt (tredje sats), Ämilie Juliane von Schwarzburg-Rudolstadt (sjette sats), samt ein ukjend tekstforfattar (sats 2, 4-5).
Koraltemaet er basert på salmane «Wer nur den lieben Gott läßt walten» og «Herr Jesu Christ, du höchstes Gut». Den førstnemnde er skriven av Georg Neumark (1621-1681) og først dokumentert på trykk i Fortgepflantzter Musikalisch-Poetischer Lustwald (Jena, 1657), men opphavet til teksten og melodien kan sporast tilbake til Kiel i 1641. Den andre melodien er spora attende til salmar frå Görlitz i 1587 og Dresden i 1593. Görlitz-salmen heiter «Harmonia hymnorum». Ein kjenner ikkje til kven komponisten var.
Stykket er instrumentert for obo, strykarar og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar: