BWV 143 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1708-1714 | ||
Urframføring | 1708-1714 ? | ||
Typisk lengd | 13:25 | ||
Satsar/akter | 6 |
Lobe den Herrn, meine Seele, BWV 143, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert truleg komponert i Mühlhausen eller Weimar i perioden 1708-1714 for første nyårsdag.
Teksten er henta frå Salme 146: 1 (første sats), Salme 146: 5 (tredje sats), Salme 146: 10 (femte sats), Jakob Ebert (sats 2, 7), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaet er basert på salmen «Du Friedefürst, Herr Jesu Christ» av ein ukjend komponist. Ein trudde lenge det var Ludwig Helmbold som hadde komponert melodien, som er funne i ei samling av Bartholomäus Gesius (Gese) (1601) og laust basert på «Innsbruck, ich muß dich lassen» frå Geistliche deutsche Lieder i Frankfurt an der Oder i 1601. Denne sistnemnte melodien er komponert av Heinrich Isaac.
Stykket er instrumentert for tre zinker da caccia (jaktobo), pauke, fagott, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar: