BWV 28 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 30. desember 1725 | ||
Publiseringsdato | 1855 | ||
Typisk lengd | 15:47 | ||
Satsar/akter | 6 |
Gottlob! nun geht das Jahr zu Ende, BWV 28, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Han vart komponert i Leipzig i 1725 for den første søndagen etter jul, som fall på 30. desember dette året. Verket vart framført for første gong denne dagen.
Det er fleire som har skrive teksten til kantaten. Erdmann Neumeister har skrive teksten til sats 1, 4 og 5, Johann Gramann for sats 2, Paul Eber for den siste koralen, og for tredje satsen er teksten henta frå Jeremias, kapittel 32, vers 41[1].
Koraltemaet Helft mir Gotts Güte preisen (Zahn 5267) er av ukjent opphav.
Stykket er instrumentert for zinke, oboar I/II/III, trompet I/II/III, engelsk horn, fiolinar I/II, bratsj og basso continuo, i lag med fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
1. Arie (sopran) |
2. (Koral) |
3. Resitativ (Arioso) (bass)
|
4. Resitativ (tenor) |
5. Arie (duetto for alt & tenor) |
6. Koral |