BWV 190 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 1. januar 1724 | ||
Publiseringsdato | 1891 | ||
Typisk lengd | 17:09 | ||
Satsar/akter | 7 |
Singet dem Herrn ein neues Lied!, BWV 190, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for første nyårsdag. Stykket vart framført på nytt i perioden 1735-1740 i Leipzig.
Teksten er henta frå Salme 149: 1, Salme 150: 4, Salme 150: 6 (første sats), Martin Luther (sats 1, 2) og Johannes Herman (sats 7), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar (truleg Christian Friedrich Henrici (Picander)).
Koraltemaa er basert på salmane «Herr Gott, dich loben wir» og «Jesu, nun sei gepreiset». Førstnemnde er basert på den tidlege kristne songen «Te deum laudamus», som igjen kjem frå ein aftansong frå den greske kyrkja. Denne melodien kjem igjen frå aftansong frå jødiske eller særs tidlege kristne messer. Truleg går melodien attende til 200- eller 100-talet e.Kr. Martin Luther omgjorde salmen til den noverande forma i Geistliche Lieder, publisert av Joseph Klug i Wittenberg i 1529. Den andre salmemelodien kom først på trykk i Ein schön geistlich Gesangbuch av Melchior Vulpius, trykt i Jena i 1609.
Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, tre oboar, obo d’amore, fagott, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar: