BWV 73 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1723-1724 | ||
Urframføring | 21. januar 1724 | ||
Publiseringsdato | 1870 | ||
Typisk lengd | 17:36 | ||
Satsar/akter | 5 |
Herr, wie du willt, so schick's mit mir, BWV 73, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig ein gong mellom 1723 og 1724 for den tredje sundagen etter trettande dag jul. Første gong verket vart framført var 23 januar 1724. Bach framførte verket ein gong til medan han levde, den 21. januar 1748 eller 26. januar 1749.
Kaspar Bienemann skreiv teksten til den første satsen i 1582, Ludwig Helmbold for den siste i 1563, medan det er ukjend kven som skreiv resten.[1].
Den første koralen er basert på Wo Gott der Herr nicht bei uns hält (Zahn 4441a) av ein ukjend komponist og vart først nedskriven i Joseph Klug sin Geistliche Lieder frå 1529, publisert i Wittenberg. Koralen i slutten er basert på Von Gott will ich nicht lassen (Zahn 5264b) òg av ein ukjend komponost, og vart først publisert i 1557 av Jehan Chardavoine i Recueil dei plusieurs chansons divisè en trois parties (Lyon, Frankrike).
Stykket er instrumentert for valthorn ossia orgel obbligato, oboar I/II, fiolinar I/II, bratsj og basso continuo, i lag med tre songsolistar (sopran, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av fem satsar:
1. (Coro) e Recitativo |
3. Recitativo (bass) |