BWV 74 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 20. mai 1725 | ||
Publiseringsdato | 1870 | ||
Typisk lengd | 18:58 | ||
Satsar/akter | 8 |
Wer mich liebet, der wird mein Wort halten, BWV 74, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for første pinsedag, som dette året var 20. mai.
Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes 14: 23 (første sats), 14:28 (fjerde sats), Paulus’ brev til romarane 8: 1 (sjette sats), Paul Gerhardt (åttande sats) og Christiane Mariane von Ziegler (sats 2-3, 5, 7)
Koraltemaet er basert på salmen «Kommt her zu mir, spricht Gottes Sohn» av Georg Grünwald (1530), som igjen er basert på melodien til den verdslege songen «Es ist nicht lang, daß es geschah», òg kalla «Lindenschmied-Weise». Denne tyske melodien kan sporast tilbake til Tyskland rundt 1490.
Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to oboar, obo da caccia, to fiolinar, bratsj, basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av åtte satsar: