BWV 110 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 17. oktober 1723 | ||
Publiseringsdato | 1876 | ||
Typisk lengd | 24:41 | ||
Satsar/akter | 7 |
Unser Mund sei voll Lachens, BWV 110, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for første juledag. Stykket vart framført på nytt av Bach i perioden 1728-1731 i Leipzig.
Teksten er henta frå Salme 126 2-3 (første sats), Jeremias 10: 6 (tredje sats), Evangeliet etter Lukas 2: 14, Kaspar Füger (sats 7) og Georg Christian Lehms (sats 2, 4, 6)
Koraltemaet er basert på salmen «Wir Christenleut habn jetzund Freud». Komponisten av denne melodien, den einaste melodien Bach nokon gong nytta knytt til ein tekst av Kaspar Füger (1530-1592), er ukjend. Füger var ein prest i hoffet til hertuginne Katharina av Sachsen.
Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to tverrfløyter, tre oboar, fagott, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar: