BWV 136 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1723 | ||
Urframføring | 18. juli 1723 | ||
Publiseringsdato | 1881 | ||
Typisk lengd | 16:13 | ||
Satsar/akter | 6 |
Erforsche mich, Gott, und erfahre mein Herz, BWV 136, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den åttande sundagen etter treeiningssundag. som dette året var den 18. juli.
Teksten er henta frå Salme 139: 2, 3 (første sats) og Johann Heermann (sjette sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar (W. Murray Young foreslår Christian Weiss den eldre)
Koraltemaet er basert på salmen «Wo soll ich fliehen hin / Auf meinen lieben Gott». Koralmelodien har opphav som ein verdsleg song av Jacob Regnart (1540{?} - 1599) med tittelen «Venus, du und dein Kind seid alle beide blind» frå samlinga Kurtzweilige teutsche Liedlein / nach Art der Neapolitanen oder welschen Villanellen, trykt i Nürnberg i 1574.
Stykket er instrumentert for valthorn, obo, obo d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar: