BWV 64 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1723 | ||
Urframføring | 27. desember 1723 | ||
Publiseringsdato | 1868 | ||
Typisk lengd | 18:38 | ||
Satsar/akter | 8 |
Sehet, welch eine Liebe hat uns der Vater erzeiget, BWV 64, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1723 for tredje juledag. Verket vart òg framført av Bach kring 1742 i Leipzig.
Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes (første sats), Martin Luther (andre sats), Balthasar Kindermann (fjerde sats), Johann Franck (åttande sats). Resten er anten skrive av Christian Weiss den eldre eller har ukjend opphavsmann.
Koralmelodiane er «Gelobet seist du, Jesu Christ» av Martin Luther (Wittenberg, 1524), «O Gott, du frommer Gott» av Johann Hermann (1630) og «Jesu, meine Freude» av Johann Franck (1650).
Stykket er instrumentert for zinke, obo d’amore, tre trombonar, to fiolinar, bratsj, orgel, basso continuo samt tre songsolistar (sopran, alt, bass) og firedelt kor.
Det består av åtte satsar: