BWV 188 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1728 | ||
Urframføring | 17. oktober 1728 eller året etter | ||
Publiseringsdato | 1891 | ||
Typisk lengd | 22:13 | ||
Satsar/akter | 7 |
Ich habe meine Zuversicht, BWV 188, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1728 for den 21. sundagen etter treeiningssundag.
Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander) (sats 2-5), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaet er basert på salmen «Wo soll ich fliehen hin / Auf meinen lieben Gott». Koralmelodien er basert på ein verdsleg song av Jacob Regnart (1540{?} - 1599) kalla «Venus, du und dein Kind seid alle beide blind» frå samlinga Kurtzweilige teutsche Liedlein / nach Art der Neapolitanen oder welschen Villanellen frå Nürnberg i 1574.
Stykket er instrumentert for to oboar, engelsk horn, to fiolinar, bratsj, orgel obbligato og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar: